Søk:

Aktuelt

Vinje

No har høgskulane og universiteta kome til Vinje!
Add to Twitter
Loading map...

Vinje kommune har etablert sitt lokale studiesenter, eit desentralisert studietilbod med dei faglege, teknologiske og sosiale tilhøva som skal til for å skape eit godt læringsmiljø der skular, høgskular, universitet eller andre gjev tilbod om kurs.

Studiesenteret i Vinje har lokale i same hus som Vinje Folkebibliotek i Åmot i Vinje.
Her kan studentane ved sida av å nytte dei vanlege bibliotektenestene, ta pauser i kaffe- kroken.
Det er òg høve til å nytte kantina til Vinje kommune rett over tunet.

Multimediarommet har fleire år vore i drift med grupper frå kommunen og nabokommunane
som har delteke på fjernundervisning  og videokonferansar. Rommet har plass til 12 studentar og er ope for bruk måndag til og med fredag frå kl. 08.00 til 15.30.

Tilgang/nøkkel til rommet får ein gjennom Tenestetorget, Vinje kommune i nabobygget.

Kontaktinformasjon:
Stedsansvarlig: Torbjørg Enerstad
torbjorg.enerstad@vinje.kommune.no

Telefon:
Tlf. 35 06 23 00

Adresse til studio:
IP-  81.31.232.196

Besøksadresse til Multimediarommet:
Vinjevegen 186, 3890 Vinje

Postadresse og e-post til Vinje kommune:
Vinje kommune, Studiesenteret
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no




Studietilbud

Studier 12/13


Vis pågående studier

Samarbeidpartnere